Cecilie ønskte nye utfordringar i yrkeslivet og starta på studiet i nettverk og IT-sikkerheit ved Noroff Fagskule. Ho fann ei god balanse mellom studiar, familieliv og deltidsjobb, og er no motivert for ein karriere innan IT.

Cecilie Toppe (43) synest tannhelsesekretær er eit flott yrke som ho har trivst godt i, men ho sakna moglegheita til kontinuerleg utvikling. Etter 11 år hjå spesialistklinikken til Vestland Fylke valte ho difor å leite etter ein yrkesveg som stadig kunne by på spennande og utfordrande utviklingsmoglegheiter. Med 28 år att i arbeidslivet tok ho valet om å gå tilbake på skulebenken, og starta sitt studium i nettverk og IT-sikkerheit ved Noroff Fagskule.

Klasserommet på Teams er til god hjelp, og det er lett å få kontakt med lærarane på dagtid via teams.Cecilie Toppe

Cecilie hadde ingen tidlegare erfaring med IT, men synes det høyrdest ut som eit spennande studium. Ho var fast bestemt på å gå inn i noko nytt og utfordrande, sjølv om det innebar å starte heilt frå byrjinga. Dette angrar ho ikkje, og ho har funne stor glede i å lære noko heilt nytt.

- Eg ønskte meir, og gjerne ein heilt annan retning. IT høyrdest interessant ut. Så då var det berre å hive seg på.

Hennar motivasjon for å velje å nettverk og IT-sikkerheit via nettstudiar kom av moglegheita til kombinere studietida med familielivet. Nettstudenten har òg tatt på seg ein deltidsjobb som passer godt inn med livet som nettstudent. Denne fleksibiliteten har gjort det mogleg for Cecilie å vere til stades for familien samstundes som ho forfølgjer sine akademiske og yrkesmessige mål.

Ein strukturert kvardag

Ein typisk kvardag for Cecilie består av studietid på dagen når barna er på skulen, i tillegg til kveldsstudiar. Dersom ho arbeider på dagtid studerer ho gjerne på ettermiddagar og kveldar for å oppretthalde strukturen. Då er det godt å ha gode veiledarar og tilgjengelege lærarar på studiet.

- Klasserommet på Teams er til god hjelp, og det er lett å få kontakt med lærarane på dagtid via teams.

Sjølv om nettstudiar fungerer godt for Cecilie, er det òg utfordrande til tider. Ho opplever at det krev ekstra innsats å vere disiplinert og sjølvstendig, men ho ser på dette som ein del av læringsprosessen.

Eg synest at nettstudiar fungerer heilt supert.Cecilie Toppe

- Eg synest at nettstudiar fungerer heilt supert. Ein må gjerne jobbe meir, og spørje meir, men òg søke opp informasjon aktivt for å lære det eg skal.

Ho fortset:

- Det er fridom under ansvar, og det er meg det står på for å lære det vi skal.

Cecilie har som ho seier sjølv, litt konsentrasjonsvanskar. Likevel har ho funnet en god strategi for å handtere den utfordringa det kan by på.

- Eg legg automatisk inn ein liten pause kvar halvtime. Så enkelt som å hente seg eit glas vatn eller sette på ei maskin med kler. For meg fungerer det.

Avslutningsvis har IT-studenten fire gode tips til dei som tenkjer på å studere på nett.

- Ver strukturert, hald avtaler med deg sjølv og være aktiv saman med klassen og lærarane. Prioriter å studere.

Nettverk og IT-sikkerheit

Det var ikkje berre interessen for studiumet som inspirerte Cecilie til å velje nettverk og IT-sikkerheit, ho såg òg kor viktig kompetansen er og vil vere i framtida.

- Eg hadde ein oppfatning av at nettverk og IT-sikkerheit handler om å være i forkant av problemstillinger, samt det å tilrettelegge for bedrifter og kunder. Dette med å vere i forkant for tidllegare kunder og tilretteleggje for pasienter, har eg gjort både som mellomleder og tannhelsesekretær. Det er dessuten kjekt å kunne hjelpe andre med å løyse problemstillinger.

Ho fortsetter:

- IT er i utvikling konstant, så eg ser for meg at her kan eg både utvikle ferdigheiter og meg sjølv som arbeidstaker kontinuerlig.

Det er fridom under ansvar, og det er meg det står på for å lære det vi skal.Cecilie Toppe

Den aukande avhengnaden i samfunnet av digital teknologi fører til at kompetanse innan nettverk og IT-sikkerheit er stadig meir etterspurd. Kompetansen vil vera avgjerande for at verksemder kan forhindra framtidige cyberangrep, og dei konsekvensane det ville medført å bli angripe.

Studiet fokuserer på grunnleggande tryggingsarbeid som risikovurdering og sårbarheitsanalyse. Målet er at du skal bli ein sjølvstendig systemadministrator med evne til å implementere effektive tryggingstiltak og gjennomføre etterforskingar innan IT-tryggleik.

Studiet kan takast på heiltid eller deltid over nett eller på campus Oslo, Bergen eller Stavanger. Nettverk og IT-sikkerheit går over to år, men dersom du ønskjer å ta eit eittårig studium kan nettverks- og systemadministrasjon eller cloud foundations vere eit godt alternativ.

 

Hold deg oppdatert

Gjør som tusenvis av studenter og få nyhetsbrev fra Noroff. Du kan når som helst melde deg av.




Relaterte studier

Nettverk og IT-sikkerhet utdanning

Toårig utdanning

Nettverk og IT-sikkerhet

Praktisk IT-utdanning som lærer deg å bekjempe hacking og datakriminalitet, og hvordan du bruker AI-verktøy til å håndtere sikkerhetsutfordringer. Det økende behovet for IT-sikkerhet gir solide jobbmuligheter.

Nettstudier

Oslo, Bergen, Stavanger

Les mer
Nettverk og systemadministrasjon, utdanningen innen IT

Årsstudium

Nettverks- og system­administrasjon

Behovet for dyktige systemadministratorer øker. Studiet lærer deg drift og administrasjon av datanettverk og servere, og hvordan du bruker AI-verktøy til å overvåke nettverk, forutse utfordringer og styrke IT-sikkerheten.

Nettstudier

Oslo, Bergen, Stavanger

Les mer
Bachelor i cyber security - utdanning

Bachelor

Cyber Security

Utdanning som lærer deg å sikre digitale systemer mot nettangrep, nettkriminalitet og digital krigføring. Studiet gjør deg forberedt på en karriere der du jobber med å styrke det digitale forsvaret, samt beskytte data og informasjon.

Nettstudier

Kristiansand

Online+ Oslo/Bergen

Les mer
     
Top